Bilete på Google Earth
26/4/2009 08:49
Detaljerte foto frå Google Earth frå Reksteren og Tysnes er no råd å sjå.
Frå Reksteren ser me heile vest og nord, og det går så langt sør at ein ser bruene i Eversvik.
På Tysnes ser me godt både Uggdal og Våge. Skiljet austover går like etter Lien Trelast i Hegglandsmarka, medan sørover stopper det klåre bilete rundt Søreidsvågen.
Pressetalskvinne for Google, Laura Ainsworth, har tidlegare sagt til Sunnhordland.no at dei jobbar kontinuerleg med å leggja ut betre bilete over heile verda. Kvifor berre Varaldsøy, og ikkje resten av Sunnhordland, er lagt ut med gode bilete har ho ikkje svar på.
– Det kan vera at dei bileta me har fått i god oppløysing ikkje har vore gode nok. Skyer kan vera eit problem, sa ho då sunnhordland.no snakka med ho for vel eitt år sidan.