ILLUSTRASJONSBILETE

Biblioteket byrjar med meirope igjen

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/10/2020 13:02

Tysnes Folkebibliotek melder på si nettside at dei i frå 19. oktober startar opp igjen med meirope.

Lurer du på kva meirope er? Meirope betyr at du kan få tilgang til biblioteket mandag til fredag, heile året, frå klokka 08.00 – 22.00.

Tilbodet gjeld for alle over 15 år, som er registrert som lånar, og med adresse på Tysnes. Også born kan nytte tilbodet dersom dei kjem saman med ein vaksen.

For å få tilgang, må du skrive under ein kontrakt, og ved å lese av lånekortet i kortlesar og taste inn pin-kode, kjem du deg inn på biblioteket.

For å lesa meir om opningstider og andre tilbod biblioteket har, kan du klikka deg inn på Tysnes Folkebibliotek.