Bestefar og Shackles
2/11/2009 17:38
Tysnesingen har fått mail frå Inger Lise Hope i Shackles som er med i X-factor på TV2. Ho sette stor pris på da!
Også mora, Anne Beate Hope, har sendt mail til Tysnesingen og synes det var kjempekjekt med omtale.
Ho sender også med bilete av bestefar til Inger Lise, Egil Hope frå Gjerstad, saman med Shackles-jentene. Han føl nøye med korleis det går med barnebarnet.
Anne Beate Hope fortel vidare at Inger Lise framleis er på Tysnes kvar sommar, og når ho elles har anledning til å ta ein tur. – Dette er “Den beste plass på jord”, seier ho, og “Her vert eg så glad inni meg!”. Og dette kan me vel alle saman vera enig i, seier mora.
– Så håpar me at det er ein del på Tysnes som også sender stemmene sine til Shackles om fredagane. Dei treng all støtte, for det begynnar å tetta seg til i toppen, sluttar Anne Beate Hope.