Beslagla førarkort

Publisert av:
20/8/2010 18:20

Det var i går at ein bilist skal ha kome borti ein parkert bil medan han var ute og køyrde. Bilisten køyrde så berre vidare utan å seia i frå at han hadde laga bulk i ein annan sin bil.

Då politiet fekk fatt i personen skal han ha vore berusa, men politiet veit enno ikkje om personen var berusa under hendinga. Men regelverket forbyr folk å nytta rusmiddel i inntil seks timar etter ei hending har oppstått.

Det er Sunnhordland som melder dette.