Båt i fjellveggen

Publisert av:
15/4/2016 05:33

Det var den 69 meter lange lastebåten «With Harvest» som kjørte i fjellveggen i Lukksundet i natt.

Politiet fekk melding frå Hovudredningssentralen i Stavanger kl 0319, då dei ikkje fekk kontakt med mannskapet ombord på båten. Like etter fekk dei kontakt med båten, og då viste det seg at båten hadde kjørt i fjellveggen.

Båten fekk skadar i baugen, men det var ingen lekkasje. Båten køyrde til Stord for eiga maskin.

Politiet vil i dag nærmare gjera undersøkingar for å finne ut kva som skjedde.
-Det er ikke mistanke om promille. Det kan sjå ut som det har vore tekniske problem med båten, sier operasjonsleiar ved politiet, Terje Magnussen, til ba.no.