Nøgde gutar mottek pokal for velfortjent siger! Foto: Arild Pettersen

Siger til G14

Publisert av: May Britt Meland
24/3/2019 12:16

Laurdag 23. mars var det duka for Stord Cup for G14. Turneringa vert arrangert av Stord Fotball, og er for inviterte lag. Turneringa er delt inn i to nivå.

Trenar Ronny Hagen fortel til Tysnesingen.no at laget etter å møtt svært god motstad sist helg i Bergen no fortsatte treningskampane mot seriestart med deltaking i denne cupen.

-Dette er fyrste året med 11ar fotball og full bane. Det blir utrulig kjekt å sjå kva som bur i dette laget, seier Hagen. Under kampane i cupen viste gutane godt fotballspel med overbevisande 5-1, 3-0 og 4-0 sigrar. -Og i finalen vart Åkra beseira med 3-1!

Hagen rosar arrangørane for flott opplegg rundt cupen. -Været var surt og kaldt, men gleden over innsatsen til gutane varma!

G14 sitt lag:
Joakim Christensen, Oliver Fagerbakk, Lonas Hagen-Lunde, Lars Kristoffer Alsaker, Andrew Jefimovs, Brede Røssland, Tobias Dalen Hagen, Samuel Nesse, Jørgen Pettersen, Theodor Meland, Mathias Bakke, Daniel Hagen og Jonas S. Lunde

Desse gutane har all gunn til å jubla! Foto: Ronny Hagen