Barnehagedagen 2016
2/3/2016 08:01
Den årlege Barnehagedagen vart markert 1. mars på rådhuset.
Temaet var “Les høgt for meg!”.
Barnehagane har stort fokus på høgtlesing då dette er med og sikrar borna ei god språkutvikling i barnehagen.
Eldbjørg Knudsen hadde eit innlegg for politikarane om korleis ein jobba med Bravo-leiken. Bravo-leiken er eit språkprogram som vert nytta i alle barnehagane på Tysnes.
Ho fortalde også om kor viktig språklege ferdigheter er for kommunikasjon, utvikling av vennskap, deltaking i leik, opplevingar og læring. Språklege ferdigheter er også med på å skape eit godt grunnlag for seinare lese-og skrivemeistring i skulen.
Alle barnehagane hadde med gåver til ordføraren.
– I form av bilete, sjølvlaga bok og ei oppskrift på ei god lesestund :)
Foto: Lena Sløgedal