Bare Litt

Publisert av:
5/7/2015 14:40

Bare litt, – syng Monica Hoff Utne i den siste låta si på Youtube. Enklare kan det ikkje seiast på ein litt ironisk måte, – men med ein undertone av alvor om eit aktuelt tema der poenget er å vera seg sjølv i kvardagen. Første verset er slik:

E det lov te å gjør det som ingen gjør?-Bare litt.

E det lov te å si det som ingen andre tør? -Bare litt.

E det lov te å spenne av sæ skoan fritt?

–  danse oppå bordet med nån bittesmåe skritt?-Bare litt.

– danse oppå bordet, – bare litt.

 

Monica skriv tekstar på sin eigen dialekt, – klangfullt og med kraftig vokabular som understreka tekst og tone. Når me ser tal på treff totalt på Youtube forstår me at mange likar tonar og tekstar frå denne dama, – ja, eg vil sei at det å skiva enkle poptekstar ikkje er enkelt, mogleg ein sjølvmotseiing frå mi side. Slik følte eg det var med «Sommar på Tysnes» òg, slåande tekst og tone der me ser eit ‘bilete’ framføre oss i fantasien. Eg trur det kjem mykje bra frå Monica i åra frametter, – snart vil ho ha nok stoff til ei heil plate vil eg tru, men då bør det framførast av eit komplett orkestar og ikkje av oss to gamle grå gubbar med dimma syn og dårleg høyrsel. 

I mens kan de lytta på produksjonen hennar ved å søka på namnet på Youtube, – og «Bare Litt» kan de høyra her: 

[youtube]cgr7iDmNBxU[/youtube]

Tekst: Kolbjørn Tvedt