Foto; www.sigling.no

Arrangerer kretsmesterskap for fyrste gong sidan 2004

Publisert av: Vegard Aslaksen
7/5/2019 15:44

Visste du at innan Oselvarsigling finst det fleire klassar? Båtlaget Njord Tysnes arrangerer i år kretsmesterskap i 10 kvadratmeter klassen som ein del av den årleg sumarregattaen 22 og 23 juni.

10 kvadratmeterklassen har ein annan type rigg og seil enn den meir vanlege spriseglklassen og i tillegg er seilarealet større. Dette gjer at ein mellom anna må montera ekstra kjøl på Oselvaren. Oselvarsigling i 10 kvadrat byr med andre ord på enda meir fart og spenning på fjorden.

I bakgrunnen ligg det ein Oselvar med 10 kvadratmeter bermudaseil, medan dei andre båtane på biletet har 8 kvadratmeter sprisegl. Foto: www.sigling.no

 

Det har ikkje vore arrangert kretsmesterskap i 10 kvadrat sidan 2004 og det er venta at det vil stilla båtar frå fleire seilklubbar i Hordaland Seilkrets. Allereie no ser det ut til at det vil stilla minst 8 båtar på startlinja. Ein må heilt tilbake til 1980 for å finna deltakartal på 10 eller fleire båtar. Med tanke på at Oselvarmiljøet er nokså lite er dette ganske historisk.

Sjå meir informasjon om arrangementet på www.sigling.no