Arne Gjerstad

Publisert av:
1/11/2015 09:21

– Ein ven av meg har fortalt at eg må skriva bok om alle dei interessante folka som har opplevd den andre verdskrigen som eg har møtt, seier frilansjournalist Nils Vermund Gjerstad til Tysnesingen. –  Det skal eg vurdere. Interessa for denne konflikten ser ikkje ut til å dabbe av med det fyste.

For tida prøver eg å koma i kontakt med slekta til Andor Gjerstad i Minnesota. Han var bror til bestefar min og han var amerikansk infanterist i Nord-Afrika og i Europa under krigen. I Belgia møtte han si framtidige kone. Biletet hans henger i stova og eg tykkjer det er veldig spanande å tenka på.

Samtidig kunne eg og tenke meg å finne litt meir ut om far min, Arne Gjerstad, som redda livet til ein russisk krigsfange på Os under krigen. Den russiske krigsfangeleiren på Os låg visst der Irisfabrikken er i dag, på Haugeneset.Pappa fortalte at det var ikkje alle Wehrmacht-soldatar som brydde seg like mykje om, nokre tyske soldater såg ein annan veg då han ga den utsvelta russiske fangen mat frå nista si. Seinare vart denne russaren ein kjend ingeniør i Sovjetunionen og inviterte far min til Russland. Av grunnar eg ikkje heilt skjønner takka pappa nei til denne invitasjonen. Viss nokon veit meir om Andor si slekt eller om pappa og den russiske krigsfangen vil eg gjerne høyra om det og skrive om det, avsluttar Nils Vermund Gjerstad, som har epost nilsvermund@gmail.com