Liv og røre på Reiso!

Kjekt på fotballskule

Publisert av: May Britt Meland
19/6/2019 22:20

75 unge gutar og jenter i alderen 6-12 år, har stor-kost seg på den årlege fotballskulen på Reiso.

Tine fotballskule er fordelt på tre dagar (mandag-onsdag 1700-1900). Fotballskulen er for gutar og jenter som er interessert i å lære meir om fotball og som vil samlast for å ha det kjekt i lag.
På fotballskulen må dei gjennom forskjellige øvelsar som skal gjere dei litt tryggare med ball. Det er likevel mest fokus på speling og at det skal vere kjekt å trene fotball.

Instruktørane er ein god dugnadsgjeng som består av foreldre, spelarar frå det eldste gutelaget og A-laget til Njardar. Leiar for fotballskulen er Ronny Hagen, som har sørga for at dei yngste har hatt dette tilbudet dei siste åra.

Her får du eit lite glimt frå aktiviteten på Reiso.

 

 

 

 

Foto: Aksel Lande