Publisert av: Martha Nygård Lande
8/5/2019 21:45
Årbakka handelstad med “Byttebibliotek”
På handelstaden på Årbakka kan du no ta med deg ei bok og bytte ho til ei som du ikkje har lest. Du kan velge om du vil ta boka med deg heim, eller om du vil sitte der og lese.
Kanskje det fristar med ein god kopp kakao medan du les. Rebekka Høgestøl seier at Krambua er open og der kan ein få kjøpe seg varme drikker.
Rebekka ynskjer alle velkommen til Årbakka handelsstad, enten ein vil lese bok, eller sjå på alt det andre dei har å tilby. Ho minner om at det er åpent helgedagar og i helgene frå klokka 11.00 – 16.00.
Du kan lesa meir på facebooksida deira her