Publisert av: Martha Nygård Lande
28/4/2020 15:53
Årbakka Handelsstad opnar 1. mai
Fredag 1. mai opnar Årbakka Handelsstad dørene igjen.
Det vil ikkje bli nokon stor opningsfest, slik som planen var, men ein skal få kjøpt seg både kunst og vafler, kan ein lesa på facebooksida.
Rebekka Høgestøl, som driv Årbakka Handelsstad, ynskjer alle velkommen, men ber om at alle som kjem, held anbefalt avstand til kvarandre.
Opningstida framover vert i helger og helgedagar klokka 11.00 – 16.00.
Også i år vert det fleire utstillingar, og kunstnaren Anna Huglen, har gjort klar si utstilling.