Årbakka Handelsstad held også i år ope

Publisert av:
9/5/2014 16:36

Opningstider i mai: Helg og helgedagar frå 1200 – 1700. I juni og juli, onsdag – søndag 1200 – 1700. Sjå også eige program for Tysnesfest.

Magne Kjellesvik stiller ut grafikk. Magne er kjend for mange og er ein etterspurd utstillar på Årbakka. Øyvind Hovland, kjend avisillustratør med røter på Tysnes har mange humoristiske trykk, bl.a. fra «Tysnes rundt». Sanita Ballode frå Latvia, men busett på Tysnes, har fargerike maleri.

I 2. etasje stiller Johannes Kretschmer ut. (Les meir her)

Elles har dei  mange fine handverksprodukt i krambua og i Sjøhuset. I «Smio» har Tysnes Kystlag utstilling av gamle motorar o.a.

Velkomen til ei god oppleving på Årbakka Handelsstad.

Kontakttelefon Årbakka Handelsstad: 47408923