Alt klart til Tysnes Kraftlag Romjulscup

Publisert av:
19/12/2014 10:42

Njardar/Tysnes arrangerer laurdag 27. desember Tysnes Kraftlag Romjulscup. I klassane for seniorar som byrjar kl. 1400, er det påmeldt ni lag for menn og tre for kvinner. Her vil kampprogrammet verta sendt dei påmeldte.

Alt kl. 1000 startar me med jenter og gutar frå 1. til 6. klasse. Trenarane for laga  vil senda ut invitasjon og interesserte kan melda seg på på førehand til trenarane.  Her er det ope for alle interesserte, og ein kan møta opp i god tid og melda seg på dersom ein ønskjer å vera med. Det vert deltakarpremie til alle.

Mariann vil syta for kiosk heile dagen. Frå kl. 1400 kr. 50,- i inngangspengar for vaksne. Barn gratis

Me møtest i Tysneshallen laurdag 27. desember!