Alsaker Konsern i 2010

Publisert av:
6/6/2011 11:10

Konsernet sin omsetnad auka med kr 139 millionar, frå kr 668 millionar i 2009 til kr 807 millionar i 2010.

Auken i omsetnad kjem frå auke i både slaktevolum og salspris på laks.

Resultat før skatt enda på kr 241 millionar, mot kr 183 millionar i 2009. Dette er ein auke på kr 58 millionar.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2010 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.

I juli 2010 kjøpte konsernet A/L Nordsjø på Bømlo med 2 matfiskkonsesjonar for laks. Desse er inkludert i dei 22 konsesjonane.

Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2010, som ikkje var noko godt år, produserte konsernet omlag 25.000 tonn laks. Kostnader knytt til omstilling og tilpassing til nye soner for brakklegging i Sunnhordland, samt fleire nye utbrot av fiskesjukdomen PD (pancrease disease), har svekka resultatet monaleg.

Etterspørselen etter laks på den internasjonale marknaden har vore god i 2010. Som ein konsekvens av den biologiske situasjonen i Chile, var det globale tilbodet av laks redusert gjennom 2010.

Høgare etterspørsel og lågare tilbod, har ført til betre pris på laksen, noko som også Alsaker-konsernet har nytt godt av i 2010.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 505 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 41 %.

Drifta så langt i 2011 har gått bra. Forsert utslakting av 2009 årgangen av laks, som følgje av dei nye sonene i Sunnhordland, har ført til at slaktevolumet i 1. halvår 2011 vert redusert med om lag 3.000 tonn i høve til opprinnelege planar.

I mai 2011 har konsernet kjøpt alle aksjane i smoltanlegget Bolstad Settefisk AS i Fusa.

Konsernet har gjennom mange år hatt ein fokusert, motivert og stabil arbeidsstokk i alle ledd.

Ved utgangen av året hadde konsernet 152 fast tilsette.