Du veit at sommaren er her når sauene er på veg til fjells! Foto: Juniane Vevatne Lunde

På veg til fjells

Publisert av: May Britt Meland
12/6/2021 16:38

Siste veka har dei fleste av sauebøndene på Tysnes gått til fjells med sauene sine.

Her ser ein sauene til Elin Vevatne og Oddvar Lunde på Malkenes på veg opp til Ådnastegen.

På fyrste etappe frå Malkenes til Grimsland vart sauene transportert i sauehengar, og så fulgte Elin og dottera Juniane sauene vidare opp til Ådnastegen.  Flokken med sauer og lam talde nesten 70.
I løpet av sommaren beitar sauene mot vetle Såta og i Malkenesdalen.

 

 

Matmor Elin og sauen syns det var på plass med ein liten kvil etter ei bratt stigning.