Publisert av:
24/10/2012 19:57
Don’t worry. Be happy!
Koret har sett saman eit allsidig program med noko for einkvar smak. Oppmodinga er rett og slett: “Don’t worry. Be happy!” (Uroa deg ikkje. Ver glad!). Jo lenger ut i programmet ein kjem, jo lettare vert stemningen på scenen og avslutninga tenderer meir mot revy enn kabaret.
Espen Selvik dirigerer kammerkoret også i haust, og han har alltid ei overrasking eller to å by på. Alexander Senkius frå Lituen og Os akkompagnerer koret på piano.
Etter matøkta spelar Martha Aasheim og Einar Frøyseth til dans.