Rygerfonn forseinka

Publisert av:
29/8/2012 17:04

Det var onsdag ettermiddag då Rygerfonn var på veg frå Bergen at den fekk ein kvit plastslange i propellen. Den måtte gå inn til Kleppestø, og fekk så assistanse frå dykkar frå Redningsselskapet sin båt, Kristian Gerhard Jebsen.

Dermed vart det forseinking for dei reisande passasjerane som skulle frå Bergen til Tysnes og Rosendal.

Båten fekk skader på gear og propell, og passasjerane vart overført til søsterbåten Rygercruise, om lag to timer etter avgang.

Mannskapet på hurtigbåten reknar med normale ruter i morgon torsdag, då med Rygercruise som fartøy.