Publisert av:
15/7/2012 07:52
Avslutning Gjerstad
Sjølv om det var litt mindre folk på konsertområdet på Gjerstad laurdag kveld, var stemningen stor.
Mange venta nok på Lene Nystrøm, som tidlegare denne veka fekk store medieoppslag fordi ho kasta kleda i eit dansk magasin.
På Tysnes hadde ho kleda på – såvidt! Kun ein tynn nylon body var påkledninga på Gjerstad.
Siste band ut var CC Cowboys som har hatt fleire hitar i Norge. Desse vart også servert på Tysnesfest.
Avslutningsvis utpå natta vart det sendt opp fyrverkeri. Tidlegare på kvelden opptrådde m.a. Cir.Circuz og Marit Larsen.