Fall i sjøen

Publisert av:
13/7/2012 22:00

Kvart over ni fredag kveld fekk ein melding om at ein mannsperson i 20-åra hadde falle i sjøen. Då han kom på land igjen var han aggressiv. Mannen var også berusa, og vart sendt til arresten i Bergen.

Ti på elleve kom det melding om slossing i Våge. Dette var ein mann i 30-åra som skal ha vore i slosskamp med ei dame i 20-åra. Også denne mannen måtte ta turen med politiet til Bergen og arresten der.

Ein berusa 25-åring braut seg natt til laurdag inn i eit hus vis-a-vis festivalområdet. Her la han seg, men vart oppdaga av eigarane. Då vart mannen trugande ovanfor huseigarane og politiet vart tilkalla, som sendte han inn til arresten i Bergen.

Det er nyttios.com som skriv dette.