Me vil takka…

Publisert av:
3/7/2012 06:44

På lørdag 23 juni, Jonsokafta gifta me oss i Tysnes kyrkje.

Dagen var magisk og heilt fantastisk frå start til slutt. Me kunne ikkje drømt om ein bedre start på ekteskapet vårt.

Me vil derfor takka alle dei som var med å bidrog til detta.

Ursula hos frisøren på kaien, gjorde ein fantastisk jobb med håret og sløret mitt.

Jannicke Dalland pynta kyrkja og laga flotte bukettar, spesielt brudebuketten.

Jacok Fjeldheim og Camilla Sjøvold laga ei rørande stemning i kyrkja med musikkinnslaga deira, utanfor kyrkja sto Magnar Drange klar som sjøfør i bilen til Bjørn Inge Leithe.

Tore Lunde med hesten Gulla kjørte brudeparet gjennom Londebygda med stil og nostalgi. Bronwyn May Els-Bakke fotografen vår, foreviga den spesielle dagen.

Trond Fauske laga eit utrulig godt måltid med hjelp fra Ingse og dei 8 servitørane. Malin og Arild Kleppe gjorde ein strålande jobb som bartendarar for kvelden.

Tusen takk til Onkel Trond Helland/visevert som laga ei flott og livlig ramme rundt middagen og utover kvelden.

Stor takk til Patrick Madsen v/Mandelhuset for veldig god hjelp, og samtlige kakebakere.

Me vil til slutt takka familie og venner for deira hjelp i tida før, på dagen og etter bryllupet. 

Tusen hjertelig takk :)

Beste helsing
Mailinn og Terje Hagen.