Illustrasjonsbilete

Tur til hausten med Tysnes reiselag

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/6/2022 15:47

Tysnes reiselag har planar om tur til «Dyrsku’n» i Seljord i september.

Dyrsku’n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debatter, foredrag og rotekte opplevingar, kan ein lese på nettsida deira.

Kvart år samlar 90 000 gjester frå heile Noreg seg til handel og rotekte kulturopplevingar, tre dagar i september. Dyrsku’n vart etablert av staten i 1866 som eit ledd i ein nasjonal strategi om å auka matforsyninga i Noreg, og Telemarkskua er sjølve symbolet på Dyrsku’n i Telemark.

Du kan lesa meir om Dyrsku’n og programmet her.

 

Planen er å reise 8. september opp til Rauland høyfjellshotell, der ein skal være i 3 netter. Fredag blir det Dyrsku’n i Seljord og lørdag går turen til Rjukan og kanskje ein tur til Gaustatoppen, dersom været spelar på lag.

Fortvil ikkje om du kvir deg for å gå til fots på eiga hand til toppen, her er det mogeleg å ta heis og bane inne i fjellet.

Illustrasjonsbilete

 

Heile programmet og pris er ikkje klart enno, men reiselaget vil gjerne høyre om det er interesse for denne turen, også blant dei som ikkje er medlemmer.

Her finn du kontaktopplysningar.