Jonsok feiring i bygdene

Publisert av: May Britt Meland
22/6/2021 18:14

I morgon er det klart for midtsommarfeiring! Både i Uggdal, Våge, Lunde og på Årbakka vert det laga til med bål og grillkos.

Tysnesingen.no tek gjerne i mot lesarfoto frå feiringa!
Forslag til foto tema:
-den mest svidde pølsa,
-midsommarbadet,
-det flottaste bålet,
-finaste sommarhatten,
-den aller beste sommardesserten,
-den kjekkaste sommar-konkurransen/leiken …..…
Slepp fantasien laus og send oss flotte bileter!!

Her er ei lita oversikt over tilstelningane i dei ulike bygdene:

Øykjaskoro Vel steller til feiring ved Njordstø kl 18. Det vert grilling og leikar for borna. I tillegg kan ein kose seg med flott trekkspelmusikk.

I Uggdal vert bålet tend ved Kyrkjevatnet kl 18.30.

Apalvika er staden for feiring i Lunde. Der tenner dei grillane kkl 18 og bålet kl 19.

På Årbakka blir store og små ynskt velkomen til grilling kl 17.

Yr melder bra vér, så alt ligg til rette for ein koseleg midtsommarkveld!

Ta med eigen grillmat, og hugs smittevernreglane.