Finn-Erix til Tysnesfest

Publisert av:
5/4/2012 07:46

Finn Tokvam, song og rytmeegg
Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks
Halvor Folgerø, fagott

Fast vikar ved behov: Olav Stedje!

Foto: NRK

 
Mykje på grunn av besetninga, stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Humor-trioen har spesialisert seg på å tolke klassikarar, og repertoaret spenn frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. I tillegg framfører dei eigne låtar som ”Fretex Fantasi” og ”Hjørdis med H”. Sistnemnde fekk god mottaking med m.a. terningkast fem i Dagbladet og låg fleire veker på Norsktoppen.
 
Orkesteret starta som husband til NRK-serien Radio Røynda. Som namnet tilseier var dette i utgangspunktet eit radioprogram på ”Norgesglasset” i NRK P1, men etterkvart har det og blitt sju fjernsynsprogram.
 
Finn-Erix opptrer ofte med andre artistar. Og lista begynner etterkvart å bli lang:
Morten Abel, Jonas Fjeld, Sissel Kyrkjebø, Madrugada, Olav Stedje, Ragnar Hovland, Karin Park, Britt Synnøve Johansen, Frode Rønli i Stavangerensemblet, Voksne Herrers Orkester, Terje Nilsen, Oddvar Torsheim og Bergen Filharmoniske Orkester.
 
På merittlista står mellom anna ”Festspelvariete” på Madam Felle i Bergen, våren 2005, avbestillingsverket ”Flesk” på Vossa Jazz 2006 og publikumssuksessen ”Vestlandsrevyen” på Logen Teater hausten 2007 og hausten 2011.