AQUA og Gabrielle til Tysnesfest
15/12/2011 05:00
AQUA
Fyrverkeriet Lene Nystrøm og Aqua er tilbake på vegen og kjem til Vestlandet og Tysnes til sommaren.
Aqua er best kjent for sin gjennombruddssingle “Barbie Girl”. Gruppa blei danna i 1994 og oppnådde stor suksess over heile verda på slutten av 1990-talet og tidleg 2000-talet. Gruppa har solgt 33 millionar album og singlar, noko som gjer dei til det mest suksessfulle danske band nokonsinne, og det nest mest suksessrike norske band. Alle som hadde sine ungdomsår i frå tidleg på 90-talet til byrjinga av 2000-talet, vil garantert få henta fram gode minner frå eit band som sannsynlegvis var med ein kvar fest i Noreg i denne tidsepoken.
Bandet blei oppløyst i 2001, men både René Dif, Lene Nystrøm og Søren Raasted fortsatte med solokarrierar. Bandet blei så gjenforent i 2007. 14. oktober 2011 slapp dei sitt nye album «Megalomania», som betyr storhetsgalskap. Me ser stort fram til ein kveld fylt med storhetsgalskap. Det er vel liten tvil om at Aqua vil setta meir fyr i Tysnesfestpublikummet enn nokon annan artist har klart før på Gudeøya.
GABRIELLE
Treng me å seia noko meir? Me ynskjer å tilby aktuelle artistar på Marknadsdagen vår. Me ringte til Gabrille. Heldigvis tok ho telefonen…
Då Universal Music høyrde Gabrielle sin eigen musikk for første gong, hadde dei same reaksjon som dei fleste andre. Låtane hennar kan ikkje ignorerast. Uttrykket er direkte, småfrekt og skil seg ut fra mengden.
Sidan den gong har hun sluppe monsterhitane ”Ring meg” og ”Bordet”, som begge har tatt fyr på radio- og salgslister. ”Ring meg” er Årets mest solgte norske låt, og også mest streama norske låt nokonsinne. Musikkvideoen er sett av 1,9 mill på Youtube.