Publisert av:
1/9/2011 19:57
Vann borte
Ein svært god 1.omgong avgjorde kampen for Njardar/Tysnes sitt gutelag i kveldens kamp på Bremnes.
Tysnesingane var på hugget og leia 3-0 til pause – alle tre måla av Daniell Hauge Hansen.
Etter kvilen dabba Njardar litt av. Men sjølv om Bremnes reduserte ein gong, var det aldri tvil om at alle tre poenga kom til å bli med heimatt til Tysnes.
Desse var med: Andreas Frøyseth, Rolf Elling Utne, Henrik Malkenes, Morris Skulstad, Ruben S. Lunde, Simon Malkenes, Torstein Flakke, Daniell Hauge Hansen, Aksel Lande, Andreas Langeland, Vegard Frøkedal.