Kjempekjekt med låvedans på brygga
31/7/2011 07:48
Vel 170 glade gjester tok turen til Mandelhuset laurdagskvelden, planen var konsert med 90’talets stolthet; Rednex!
For første gong på to år vart det utekonsert frå den gamle kutteren ved kai på Mandelhuset, det var verkeleg kjekt å sjå så mykje folk kosa seg. Og det gjorde dei med god grunn, for bandet frå det glade 90talet er rett og slett veldig morosame og akkurat sånn som dei skal vere! Langt ifrå høgtidleg og med nok sjarm og gleda til å gjer konserten til ein veldig bra opplevelse.
Samstundes vil eg få fram at gjengen i Rednex skrøyt hemningsløyst over Tysnes, som var ei av dei vakraste stadane dei hadde vore på. Så om me ikkje alltid ser sjøl at me har det heilt fantastisk her me bur, så er det greit at folk minnar oss på det. Sånt likar me å høyra :)
Me takkar for ein fin kveld og håpar alle dykk som vitja oss hadde det like bra!