Den Store Roen – familievenleg rotur

Publisert av: May Britt Meland
7/8/2022 18:39

Tysnes Kystlag, Solstråleøya Venelag, Vestland Fylkeskystlag og Kystkultur.no inviterer til Den Store Roen 2022.   — 

Den Store Roen er ein familievenleg rotur som vert arrangert kvart år av eit lokalt kystlag i samarbeid med Vestland Fylkeskystlag. Ruta vert lagt opp etter ver og vind. Dersom veret er godt, kan ein basera seg meir på opnare farvatn og telting. Dersom dersom veret ikkje er så godt, vert ruta lagt til skjerma farvatn og det vert satsa på tak over hovudet i samband med overnattingane.

Roturane i år skjer i området kring Godøysund på nordsida av Tysnes, med Solstråleøya som base og utgangspunkt for eventyr mellom smale og grunne sund. Du skal få høyra om ein spanande engelskmann og kong Olav sin fyrste eigedom i Noreg, østersproduksjon, drukning på 1700-talet, hotelldrift og hotellbrann, skottehandel, arkitektur, kolerakyrkjegard, sakrale stadnamn, kyrkjeveg i gamal tid og mange andre ting som har gått føre seg i området.

Solstråleøya er ei frodig øy med om lag 20 treslag, mange tilplanta. Gamle spaservegar og restar etter tidlegare hus. Øya vart gjeve til kongehuset i 1905 etter å ha vore i britisk eige. Etter kong Olavs død gav arvingane øya i gåve til Tysnes kommune i juni 1991. Øya er rydda for å få dei gamle spaservegane fram i dagen att. Toalett, fast grill, grindabygg og kai på nordspissen av øya, fleire bord og benkar. Flytebryggje sørvest på øya. Det er fint å telte i vika nord for huset. Kai på sørsida av oppsynsbustaden. På kaien er det og informasjonstavle om historien til øya. Det er gjeve ut ei bok om historien til øya (Solstråleøen, Norolf Henriksen og Kåre Bolstad, Labyrinth Press 2003).

Les meir info, sjå video og meld deg på via
https://www.kystkultur.no/?aid=20627&id=27286&K=4879

Fredag vil det starta ein del båtar starte frå Oselvarlaget sitt naust på Osøyro og ro direkte til Solstråleøya. Kanskje kjem det båtar som møter desse båtane ut frå Vinnesholmen?
Det er skissert avgang frå Osøyro ca. kl 17, noko som vil kunne seie passering av Vinnesholmen ca. kl. 1800.
Dersom du kjem med båt på tilhengar så kan du sjøsetja båten i Lunde på Tysnes (eller på Osøyro).

Manglar du båt? Ta kontakt med underteikna.

Her kan du sjå filmar frå tidlegare utgåver av Den Store Roen