Publisert av:
30/5/2011 19:08
Tysnesfest langs vegen
I følgjetongen om kor Tysnesfest dukkar opp, er bilete denne gongen litt utanom det vanlege.
For eit par veker sidan var det kontroll ved Storestrømmev på Søfteland. I følgje nyttios.com hadde Statens vegvesen storfangst og eit titals bilar vart avskilta, deriblant ein bil lakkert med Tysnesfest over det heile.
Men som dei seier – all reklame, er god reklame!