Fotballkamp J-12

Publisert av:
24/5/2011 16:31

Det var Kalandseid som var motstander, og laga spelte jamt med kvarandre. Men rett før pause tok bortelaget ledelsen. Litt “kjeft” frå trenaren i pausen, såg ut til å hjelpa, og jentene kjempa seg til fleire store målsjangsar. Tilslutt kom også målet som ga utlikning. Og rett før slutt kom også seiersmålet. Begge mål av Ayleen Hagen. Dermed vart det 2-1 seier, etter null baklengs i andre omgang.

Alle jentene fortjener ros idag for flott innsats. Kjekt å sjå at foreldra også stiller opp, trass i striregn :-) Dette var andre seier for jentene, etter at dei slo Lysekloster 2-3 borte.10.mai. Då var det Amalie Tysnes som scora alle måla.

Desse har vore med: Lea-Sofie T Dalland, Malene Tysnes, Malin Bjøntegård, Camilla Helgesen, Mathilde Fauske, Nora S Stien, Ayleen Hagen, Amalie Tysnes, Mari-Sofie Frøyset, Marita Kjerrgård, Malin Hagen Lunde og Maria Hagen