Pianist, Rune Alver og sopran, Lise Sjåk Dalen. Foto: Tore Atle Humlevik

Konsert OnarTun

Publisert av: May Britt Meland
24/8/2019 13:53

Eit 70 tals personar hadde benka seg i OnarTun fredag kveld for å få med seg konserten med Rune Alver (pianist) og Lise Sjåk Dalen (sopran).

Rune har vore omtala tidlagare i sommar i samband med huskonsert i Lunde, men kort er han ein pianist som turnerer over heile verda, og denne fredagen i Onarheim. Rune har nett spela inn CD med musikk av Catharinus Elling. Denne skal lanserast i Oslo og Bergen i fyrstninga av september, men vart “prelansert ” på Onarheim. Elling levde frå 1858 -1942, og hadde ein stor produksjon.

Lise er “profesjonell amatør” som har sunge heile livet, og bur på Onarheim.

Programmet starta med Rune Alver på flygel med fem stykke frå Holbergsuite (Grieg), og gjekk over til “Blåbærli, Ved Rondande og Solveigs sang” med Lise som songsolist. Så kom ei rekkje folkemelodiar av Catharinus Elling, før Lise kom att med “Synnøves sang” (Bjørnson), og “Små spurven” (Garborg, med melodi av Elling). Mellom stykka fortalde Rune og Lise litt om dei ulike stykka.

Kvelden vart avslutta med “Gjendines Bånlåt” (Grieg). Gjendine var frå Lise sine heimetrakter, og ho framførte songen slik Gjendine gjorde, og Rune slik Grieg hadde tolka den.

Etter applausen å døma var dei frammøtte vel nøgde med konserten.

-Stor takk til Rune og Lise, og til Synnøve Hodneland som hadde fått arrangementet i stand.

 

Tekst og foto: Tore Atle Humlevik