Tekniske hjelparar

Publisert av:
18/2/2011 14:31

Stord Teaterlag barne- og ungdomsgruppa har i morgon laurdag premiere i Kulturhuset på “Alf Prøysen og venene hans”.

Heile denne veka har det vore full jobb med å rigga til og laga alt det tekniske klart før premieren. Dei to utflytta tysnesingane Jarle Belt og John Atle Malkenes har begge born som er involvert i teaterstykket. Og forutan borna som skal vera med på framsyning, hjelper dei to fedrene til med kulissane.

Som om ikkje det var nok med at born med Tysnes-aner og utflyttarar er med, så er manusforfatter til “Alf Prøysen og venene hans” Ingvild Johannesen, som er hytteeigar i Lunde.

Alf Prøysen går aldri av moten. Som han sjølv uttalte ein gong, så fekk han rett i at alle ville hugsa han uansett generasjonar. Alle tysnesingar er velkomne til Prøysen teater på Stord!

Framsyningar i Kulturhuset:
– laurdag 19.feb kl 1800
– søndag 20.feb kl 1600
– måndag 21.feb kl 1800
– tysdag 22.feb. kl 1800

Alle bilete: Kristine Malkenes Tveit.