Glimt frå marknadsdagen

Publisert av: May Britt Meland
5/11/2022 18:47

Mange tok turen innom Haust og førjuls Marknaden i Våge i dag. Dagen starta med barneløp frå Svingen Puls med premiar til alle. Utanfor marknadslokalet var det gratis marshmallows ein kunne grilla på bålpanna.

Denne gongen var marknaden lagt innandørs. Her var det kunstutstilling og ulike stands med salg av flotte handverksprodukt. Mange fekk sikra seg noko fint til seg sjølv og handla julepynt og gåver. For dei som ville ha noko godt å eta var det mange freistelsar i standa til Myrdal Gard, Haaheim Gaard og flinke damer frå Ukraina.

Her er eit lite knippe lesar-bilete frå dagen.