Publisert av:
7/1/2011 12:52
Fyrverkeri på skulen
Tidlegare i veka måtte politiet til Tysnes skule ein tur. Grunnen var at nokre elevar fyrte av fyrverkeri på skulen sitt område.
Til sunnhordland.no seier lensmann Lorentz Lunde at han har prata med rektor og dei aktuelle klassane. Der fortalde lensmannen elevane at dei er for unge til å bruka fyrverkeri. Dessutan er det kun nyttårsaftan det er lov med fyrverkeri.