Auka tilskot

Publisert av:
16/11/2010 07:51

Regjeringa har som kjent gjort framlegg om å auke tilskotssatsane til bygging av sjukeheimar frå kr. 660.000 til kr. 890.000 pr. plass og til omsorgsbustader frå kr. 440.000 til kr. 670.000 pr. bustad.

– Ved bygging av ny sjukeheim/omsorgssenter med 39 plassar på Tysnes vil tilskotet på bakgrunn av dette auke med ca. kr 9 mill, seier helse- og sosialsjef Einar Aslaksen. 

Prosjektet har eit stipulert lånebehov på ca. kr. 50 mill. Lånbehovet kan då reduserast med ca. kr. 9 mill til ca. kr. 41 mill.

– Dette er gledeleg for finansieringa og realiseringa av prosjektet! uttalar Aslaksen.

Aslaksen legg også til at regjeringa aukar dei frie inntektene til kommunane med ein milliard kroner meir i 2010, noko som vil gje større handlingsrom til kommunane til å gjennomføra oppgåvene sine, mellom anna innan eldreomsorg. 

– Tysnes kommune sin del av eldremilliarden vert kr. 769.000 som vert utbetalt i desember i auka rammetilskot, seier Aslaksen.