Damelaget i 100

Publisert av:
18/10/2010 18:53

Forrige helg vart det siger 5-4 på bortebane mot Krabbetor og igår vart sesongen avslutta med solide 21-0 mot Kalandseid på Reiso-graset. Med dette har damelaget iår scora 101 mål på 16 seriekampar og kom på 3,plass i si pulje.

I kampen mot Krabbetor vart grunnlaget lagt i 1.omgong med 4-1 til pause. I 2.omgong fekk ein nok med å forsvara seg, men med god jobbing av alle greidde ein å dra i land sigeren. Renathe Hagen-Lunde scora 3 mål og Karoline Dalen og Marita Lie Nesse eitt kvar.
 
Gårsdagens kamp mot Kalandseid vart stort sett einvegskøyring. Etter litt avventande opningsminuttar vart det etterkvart berre spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. Med godt forsvarspel der bortelaget nesten ikkje slapp til, fekk heimelaget rulla opp fleire gode angrep både på kontringar og i etablert spel. Fleire av scoringane var av høg klasse. Sjølv om det var svak motstand og 11-0 til pause, skal heimelaget ha ros for å stå på heile kampen ut.

Renathe Hagen-Lunde og Marita Lie Nesse scora 8 mål kvar, Karoline Dalen og Marit H. Helgesen scora 2 mål kvar, og Wibecke B. Skorpen eitt mål.
 
Desse har vore med i ein eller begge kampane: Kirsti Sundal, Ane Vermedal, Reidun Kleppe, Wibecke B. Skorpen, Karoline Dalen, Marita Lie Nesse, Renathe Hagen-Lunde, Malin Kongsvik, Trude Lande, Veronika Skaten, Marit H. Helgesen og Kari Lande.