Det vart tre ringar rundt juletreet.

Julefest i Lunde bedehus

Publisert av: May Britt Meland
29/12/2023 12:44

Torsdag 4. juledag vart det arrangert julefest i Lunde bedehus. Då klokka var 17, var bedehuset fullsett, og Lorentz Lunde kunne ynskja alle velkomne. Han peika på Jens Tvedt sitt flotte maleri som heng fremst i bedehuset. Det har motiv frå stallen i Betlehem den første julenatta, og passar ekstra godt akkurat på julefesten. Etter at juleevangeliet var lese, song me julesongar, og Synnøve Hodneland var som vanleg pianist.

 

Deretter var det tid for andakt. Det var Linda Aase som heldt den, og ho tok utgangspunkt i songen «Den største skatten som finnes på jord, det er Guds gave til alle som tror. Den ligger gjemt i Herrens eget ord, der er den store skatten.» Ho hadde laga ein modell av ein stor bibel og viste teikningar, noko som verkeleg engasjerte dei mange frammøtte borna. Til slutt fekk dei henta kvar sin «skatt» frå «bibelen», gjett om det var stas!

Etterpå vart det servert bollar og kakao nede i matsalen, før det var juletregong oppe i salen. Det var så mykje folk at me kunne laga tre ringar rundt juletreet, veldig kjekt både for små og store. Og sanneleg kom ikkje nissen med godtepakkar òg! Me i styret vil takka dei over hundre frammøtte som viste at dei framleis ynskjer å gå på god, gammaldags julefest i bedehuset!

For styret i Lunde bedehuslag, Helga Kristine Haaland.