ROSA SLØYFE-LØP TYSNES
4/9/2026 07:56
Den 17. oktober kl 14 arrangerer lokale ildsjelar Rosa Sløyfe-løp rundt Kyrkjevatnet.
Rosa sløyfe-løp vert arrangert over heile Noreg for å skapa økt merksemnd på brystkreftsaka og for å samla inn pengar til brystkreftsaka. Det er fyrste gong løpet arrangeres på Tysnes.
Susanna Heggland er arrangør ansvarleg og fortel at det er eit lågterskelarrangement for heile familien – anten du vil springe eller gå. Ein kan også berre løpe deler av runden, om ein synes det vert litt langt. Løypa er på 3 km.
Alle pengane går til Rosa sløyfe-aksjonen og ein må melde seg på løpet via deira påmeldingside for å få start nummer og medalje. Dette gjerast her : https://www.rosasloyfelopet.no/ildsjel/rosa-sloyfe-lopet-tysnes-2026/
Det er gratis for born under 9 år og redusert pris for 9-18år.
Kom i god tid for utdeling av start nr. Det blir kaker, kaffi og kanskje me fyrer opp bålpanna! Mange kjekke lokale ildsjelar er med å hjelper til!
Ta på deg noko rosa, ta med familie, vener og godt humør – og bli med på å farge Tysnes rosa for ei god sak!