Publisert av:
25/8/2010 14:37
Ta anna rute
I desse dagar vert det lagt asfalt mellom Holma og Epland og vidare sørover.
Folk har kontakta Tysnesingen og vil tipsa ein å ta ein annan veg om ein skal sørover til dømes til ferjekaien på Hodnanes. Dette for å unngå å bli ståande og venta for lenge i kø. Vegen mot Flatråker er som kjend kun eitt køyrefelt.
Reksteren, Uggdal og Våge folk oppmodast å køyra over fjellet til Onarheim og ut til Hodnanes, medan dei i Lunde vil tena på å køyra via Nymark.