Publisert av:
1/8/2010 17:54
Surt på Såtetrimmen
– Med det sure véret det vart i dag, så er me godt nøgde med 129 registrerte personar på årets Såtetrim, seier Per Ingolf Økland til Tysnesingen.
Lavoteltet på toppen gjorde at det var råd å søka litt ly for véret. Grauten, som Anne Karin Lunde hadde laga, fekk mykje skryt av dei som smaka på den, og Økland fortel at det var god stemning på Såtetoppen sjølv om det var surt på folk.