Frå konserten i kulturkyrkja. Foto: Dagrun Eline Dalland

Tettpakka konsertveke for kammerkoret

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/6/2023 11:53

Då Tysnes kammerkor tok sommarferie no sist helg, hadde koret gjort unna fire konsertar i løpet av éi veke.

Fyrste etappe i konsertrekkja med det varierte programmet «Himmelhøge sti»  var i kulturkyrkja på Onarheim søndag 4. juni. For koret var det inspirerande å syngja for kring 80 tilhøyrarar. Eit godt frammøte, og publikum sette pris på både songar, solistar og allsongen. Dirigent Trent Bruner er ein dyktig musikar, han sytte for  tonefølgje både på flygelet og orgelet.

Benedikte Nygård var solist på «Himmelhøge sti»

 

To dagar etter konserten i kulturkyrkja besøkte kammerkoret Omsorgssenteret og Mestringshusene. Der vart det både frå pasientar og tilsette uttrykt stor glede over songen og musikken. Begge desse stadene har koret tidlegare besøkt fleire gonger, og det er planen å gjera det også i framtida. «Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad», og det er noko korsongarane opplever med konsertane sine.

Siste etappe av «turnéen» vart gjennomført laurdag ettermiddag i Hosanger kyrkje på Osterøy i fellesskap med damekoret Alvidt Manger, som Trent Bruner også dirigerer. I den gamle og flotte steinkyrkja frå 1796 er det ekstra god akustikk, og det var kjekt å syngja der. Konserten vart avrunda med «Oh, freedom» av dei to kora i fellesskap. Dermed var eit aktivt og innhaldsrikt songår for koret avslutta på ein triveleg måte. I løpet av haustsesongen skal  koret sitt 30-årsjubileum i år markerast på ulike måtar.

Kammerkoret i Hosanger kyrkje. Foto: Magne Hauge Skartveit

 

Tekst: Hans Ole Dalland