Jåttseglarane frå Tysnes

Publisert av:
22/6/2010 09:56

På gjestebryggja like ved flyttenaustet blir det ei rekkje musikkinnslag. Anders Bakke framfører ei vise om jåttseglarane. Ei vise han sjølv har skrive til denne utstillinga. Melodien står Kolbjørn Tvedt for. Han stiller òg opp på laurdag saman med Karsten Iversen og Olav Høgestøl og skapar stemning med musikken sin. Publikum kan elles gle seg til å høyra dyktige Catrine Sandsøy Moss på flygelhorn.
 
Ordførar Helge Hauge tek seg av den formelle opninga av utstillinga, og det blir litt anna på programmet før dei frammøtte kan studera utstillinga i flytenauset.
 
Mykje av utstillinga er no på plass. Like før helga vart kring 60 bilete i ulike storleikar monterte. I inneverande veke skal resten plasserast på vegger og golv.