Tårnagenthelg
27/1/2026 14:35
Laurdag 24. januar kom 8 spente tredjeklassingar til Tysnes kyrkje, klare for tårnagenthelg. Etter registrering med fingeravtrykk på agentbevis, var dei klare for å gå inn i labyrinten i kyrkja – fleire av dei hadde ikkje ein gong tid til å sei ha det til foreldra sine.
Etter at alle var samla, og me hadde fått presentert oss med agentnummer og namn, var det tid for å læra seg eitt og anna triks når ein skal leita etter spor – me fekk nemleg ein vaskekte politimann på besøk (riktig nok pensjonert, men lat oss ikkje driva med flisespikkeri). Han hadde fleire spennande historier på lager, og kom med gode tips til dei ferske agentane.
Før me gjekk i gong med oppdraga, måtte me ha oss litt agentmat. Agentsjefen hadde ikkje lagt inn i berekninga at ikkje alle agentar likte hot dog, men det ordna seg med litt ekstra frukt. Då magane var nokon lunde fulle, var det tid for det mange hadde gledd seg ekstra til: tårnbesøk. For lat oss vera ærlege; kor mange har faktisk vore oppe i klokketårnet i kyrkja?
Etter tydelege tryggleiksinstruksar frå agentsjefen, gjekk me opp i tårnet. Agentane fekk utdelt skrivebrett og blyant, og gjekk i gong med å finna bokstavar og papir-flaggermus rundt i tårnrommet. Éi og éi gruppe fekk koma opp i øvste etasjen og prøveringa med kyrkjeklokka så forsiktig som dei klarte, for å unngå at heile bygda skulle begynna å lura. Vel nede igjen måtte agentane stokka på bokstavane som utgjorde løysingsordet «klokkeklang». Kor mange flaggermus dei hadde funne varierte frå 35 til 71 – diverre hugsa ikkje agentsjefen kor mange ho talde opp i fjor, så agentane lever framleis i uvissa om det riktige svaret.
Vidare øvde me på den vanskelege, men kjekke tårnagentsongen, før me gjekk på symboljakt i kyrkjerommet. Etter at agentane hadde gjennomført symbolquiz der det vart full pott på alle gruppene (etter litt godvilje frå dommaren), var det tid for frukt og saft før siste post på programmet: gudstenesteverkstad. Her kunne ein velja mellom å klyppa ut mannakornblomar til bønevandringa dagen etter, eller å byggja høgt tårn av salmebøker. Av ein eller annan grunn ville alle byggja tårn, så dei vaksne vart sitjande å klyppa ut blomar åleine. Då klokka nærma seg 17, runda me av med å dela ut «agenttips» til alle, før borna tok med seg agentbevis, tårnagent-buffar og songtekstar heim for å øva til dagen etterpå.
Søndag var det tid for tårnagentgudsteneste. Dei tøffe agentane gjekk inn i prosesjon med solbriller og forstørringsglas (og blomar, ein agent må ikkje gløyma blomar), og song tårnagentsongen for full hals. Dei hjelpte til med nattverd og utforska bønevandringa, og gjorde i det heile ein flott innsats som tårnagentar. Tusen takk for ei kjempekjekk helg!
Tekst og foto: Tysneskyrkjelydane