Kjekke konkurransar og utemoro

Publisert av: May Britt Meland
2/11/2025 20:33

Trass regn og haglebyger vart det godt besøk i Solheimsdalen då Tysnes Turlag og Onarheim Idrettslag arrangerte 60 grader Nord i formiddag.

Turlaget melder at sola skein innimellom, og konkurranseinstinktet blomstra, ikkje berre hjå dei yngste, men dei vaksne òg!

Turlaget og Onarheim Idrettslag takkar alle som kom, dette var kjekt!

Foto: Tysnes Turlag