Eventyret Tysnesfest 2010 er klart
29/5/2010 07:23
Her finn du alt frå naturlege amfi på Solstråleøya og Kjeviko, til tillaga konsertarena på Gjerstad. Arenaen på Gjerstad som gjev plass til mange tusen personar, har fått namnet ”Fyré scene” . Dette for å understreka den maritime tilhøyringa vår. Me har eigen camping der det vil vera yrande liv frå tidleg morgon til seine kvelden. Og det er nok ganske unikt at Ordføraren arrangerar stølsvandring for camping gjestene.
Tysnesfest 2010 blir ei festival helg med eit mangfald som ein ikkje vil kunna sjå maken til nokon annan plass i fylket i 2010. Kva plass kan ein elles finna ei spennvidde frå ”Dagen-Derpå Gudsteneste” på den lokale puben, til Hardrock kveld, før du set deg ned på dukkegalleriet og lager deg di eiga fingerdukke.
Blant artistar som i år kjem til Tysnesfest finn ein: A1, Donkeyboy, Hot Club the Norvege, Kråkesølv, Jonas Fjeld og Hilde Heltberg, Vidar Johnsen og Peter Nordberg, DDE, Sigurd Sele, WigWam, Jahn Teigen, Reflektor, Venke Knutson, Nordic Tenors, Bjørn Johan Muri, Ole Paus og ikkje minst THE HOOTERS (US) som er ute på sin 30 år jubileums turné.
Tysnesfest tilbyr eit hav av unike opplevingar og mindre artistar. Me nemner i fleng:
Sjørøvartokter med vakre S/S Seladon, Borgarting Improvisasjons Selskab, Thomas tivoli, ”Skip-inn kino” med allsong på ripo, Sjømannscruise med Edvard ”Skuteside”, Bondefrukost, Stumfilm-framsyning, Tysnes Grand prix kassabil løp, Historisk Busstur Rund Tysnes, Ope Gard Restaurant, Trubadurar og gatemusikantar. Stor Marknad med over 50 stand. Det er mogeleg å vera med på helikopter- og paraglide-turar.
Me får besøk av vår alles kjære Gråtass. Veteranbussar i skytteltrafikk og veteranbilar kastar glans over markedsdagen i Våge sentrum. Her er og fleire av dei flotte skutene som var kjente og kjære langs kysten vår for eit par generajsonar tilbake. Slik som D/S ”Stord 1”, S/S ”Seladon”, M/S ”Midthordland”, M/ S ”Sandnes” og ikkje minst S/S ”Loyal”. Det vil og vera ei flytande utstilling av nye båtar under heile festivalen.
For å gjennomføra desse arrangementa stiller 15 lokale lag saman med eit ”hav” av frivillige dugnadskrefter opp og gjer ein utruleg innsats for å visa fram Tysnes på ein best mogeleg måte.
Har du lyst til å vera med som frivillig under Tysnesfest er det enda ikkje for seint. Klikk deg inn www.tysnesfest.no for meir info eller ta kontakt med Sigvard på 91810638 for meir informasjon.
Tysnesfest vil med dette ønska deg velkommen til ei oppleving på gudeøya som me verkeleg vonar vil gle deg.