Debuterer med diktbok
3/10/2025 11:55
8. November kjem Bernhard Meyer Auran med si fyrste diktbok: «F i r a». Det er ei samling av små og større dikt skrivne i løpet av dei fyrste travle småbarnsåra.
Tida med to små ungar i hus er nok den raudaste tråden i boka, men det er og andre trådar i andre fargar: Flytting og husbygging, forholdet mellom dei to vaksne, samt rommet og refleksjonane til den eine.
Tittelen “F i r a” vart til fordi tekstane handlar om ein familie på 4. -Det er det omslaget og spelar på. Fira skjer i sjøen, som kvar bokstav i ordet kvilar på.
Fira individ, men og ein flokk på fira, forklarar Bernhard.
Det meste er skriven på nynorsk, men dikta på tysnesdialekt har og sin sjølvsagt plass i denne boka, seier Bernhard. Han har fått støtte til utgjevinga hos Tysnes Kraftlag. Me er utruleg heldige som har ein slik ressurs i kommunen vår, seier han.
Han fortel at det blir litt høgtlesing her og der i tida framover. Kanskje kjem det og eit bokslepp der gitaren og songane får vera med. Det har vore litt av tanken bak denne boka, fortel han, at dikta og songane skal vera med og utfylla kvarandre når han er ute spelar.