Hausten er godt i gang på Blå Skule

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/9/2025 20:00

Skuleåret er godt i gang på Blå Skule, og dei fyrste vekene har vore prega av solrike dagar, god fangst og liv på Solstråleøya. Elevane er i full aktivitet – både på sjøen og i hagen.

Fangst og første kaisal

Tysdag 9. september hadde Blå Skule sitt første kaisal. Blå skule er registrert i Vestnorske Fiskesalslag og elevane vil selge krabber, hummrar og kvit fisk gjennom skuleåret.

Kortreist mat og hønsehald

Hønseflokken har blitt litt stor, og ein har tynna i flokken ved å ta ut dei fleste hanane. Dei blir til middag saman med grønsaker frå skulen sin eigen hage – poteter, gulrøtter, bønner og kål. Elevane synes det er stas med mat frå eiga jord.

Hummar og hemmelegheiter

Jakta på agn til hummarsesongen er i gang, sjølv om fangsten er mindre enn i fjor. Ein stor hummer på 38 cm vart fanga i ei krabbeteine – den lever trygt vidare på havbotnen, men kor, det er hemmeleg.

Samarbeid og vedlikehald

I samarbeid med BOF skal brygga nordaust på øya få nytt skjørt, og doen skal få ny dør, platting og måling. Arbeidet startar no i haust, og det er kjekt å kunne gjere øya enda finare.

Glede over skuledagen

Elevane gler seg over å vere i gang med eit nytt år – med naturen som klasserom.

Tekst og bilete: Blå skule