Flaskepost

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/7/2025 07:20

Redaksjonen i Tysnesingen har mottatt melding om at nokre ferieturistar har funne ein flaskepost inne i badevika i Andlavågen.

Når dei åpna den, viste det seg at brevet inni var datert 21.12.2003, og at flaska var kasta ut frå ei ferje. Det var tre navn og to telefonnummer i brevet. Det vart forsøkt å sende sms til dei to nummera, men dei har ikkje fått svar. Etter så lang tid kan det nok hende at desse nummera ikkje lenger er i bruk.

Ferieturistane synes det hadde vore artig å fått snakka med dei tre som skreiv brevet. Navna i brevet er Hilde, Frank Ruben og Terje Kristoffer.

 

Tysnesingen kan være behjelpeleg med å videreformidle kontaktopplysningar:

post@tysnesingen.no