Sjørøvartokt på Tysnesfest

Publisert av:
9/5/2010 19:57

Dette er ikkje ein tur for pyser som synest Sortebill er ein farlig mann. Dette er ein tur for deg som vil ha litt spenning og moro, og for barn i alle aldrar.

Kle deg ut som ein ekte sjørøvar eller sjørøvarprinsesse og bli med oss på tokt for å leite etter Vikingskatten som er grave ned på Tysnes. Har høyrt rykte om at der skal vera fleire skumle piratar ute i same ærend for å finne den. Kven finn skatten først?   

Ta med deg redningsvest og ein vaksen person så ser me kva som skjer!

Meir informasjon kjem i programmet.